Årsmøte 2016

By | March 3, 2016

ÅRSMØTE 2016 blir halde torsdag 10.mars kl 19.00 på Lægreid hotell

Det blir pizza, brus, kaffi og velkjent agenda.

Sakliste:

1. Godkjenne dei som har stemmerett
2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
3. Velje dirigent(ar), sekretær(ar) og 2 representantar til å skrive under protokollen
4. Handsame sykkelklubben sin årsmelding
5. Handsame sykkelklubben sin rekneskap i revidert stand
6. Vedta budsjettet
7. Handsame innkomne forslag og saker
a) Styret bør utarbeide ei målsetting for klubben sitt arbeid. Denne bør reviderast årleg og evaluerast i samband med årsmøtet i klubben
b) Kompensasjon for sentrale rollar i Jotunheimen Rundt organisasjonen
8. Vedta ny lov (vedtekter) for sykkelklubben
9. Fastsetje medlemskontingenten
10. Gjere følgjande val:
a) Leiar
b) Styremedlemmar 4 stk – på val kvart 2. år
og Varamedlemmar 2 stk – på val kvart 2. år
d) Valkomite med leiar og 2 medlemer