Category Archives: Trening

Handlingsplan for Sogn CK 2016-2018

Styret har teke utgangspunkt i årsmeldinga for 2015 og utarbeidd ein handlingsplan for dei neste 3 år. Mål og tiltak er fordelt på klubben sin aktivitet. Årsmøtet vedtek årleg revisjon av planen. Styret har ansvar for at tiltak vert sett i verk og gjenomføre etter målsetjinga. Årsplan for gjennomføring vert framlagt saman med årsbudsjett og… Read More »

Søndagstrening 18. mai

Laurdag 17. Mai er det ein del folk som vil feira saman med familien. Vi set derfor opp alternativ laurdagssykling søndag 18. Mai kl 09:00 frå Statoil. Turen går innover i retning Skjolden Fortun. Følg ogso med på Facebook-gruppa vår for oppdateringar:  https://www.facebook.com/groups/294835724008867/  

Oppstart laurdagstrening 29. mars

Oppmøtestad: Statoil Sogndal. Alle grupper møter kl 09:00. Fyrste turane går utover mot Hella for alle gruppene. Utover våren vil det vere naturleg å legge turane innover fjorden. Laurdag er fast langtur-dag og me satsar på å køyre med 2-3 grupper ut frå nivå. Gruppe 1 er for dei som syklar Bergen-Voss på under 4:30.… Read More »

Treningsplan 2013

Mange har hatt glede av ein tidleg vår og fått ein god start på sessongen. Sportsleg utval har laga sportslege plan for 2013 og treningane frå 30.Mars og resten av sesongen er å finne i den. Sogn CK Treningsplan 2013 Denne inneheld treningar tysdag, torsdag, laurdag og søndag. I tillegg til dei større ritta fleire… Read More »

Spinning på Idrettssenteret i Sogndal

  Det blir ikkje spinningstimer spesielt tiltenkt Sogn CK ryttere i år. Derfor har vi forhandla fram at Sogn CK får rabattert pris på timen som er torsdagene på Idrettssenteret  kl 19.30 (Spinning 3 , sykkeltid 75 min) . Drop-in prisen for Sogn CK ryttere blir da for denne timen kr. 100.  Må betalast i skranken ved oppmøte. Sykkel… Read More »

Felles treningssamling på Gran Canaria til våren:

Vi satsar på tur til Puerto Rico på Gran Canaria også neste år. Avreise 8. eller 9. mars frå Flesland. Håpar mange frå klubben kan bli med denne gongen. På den måten kan vi dele oss inn i grupper etter nivå, slik at alle får godt utbytte av opphaldet. Felles oppmøtepunkt i Puerto Rico sentrum… Read More »

Rallarvegen

Vi legg turen på Rallarvegen til 1. september. Bergensavdelinga av Sogn Ck har allereie booka hytte i Flåm og legg opp til tidleg start frå Flåm, gjerne i 8 tida om morgonen. Så syklar vi så langt veret tillet, gjeren heilt til Haugastøl før vi snur. Vi avsluttar dagen med nok ei overnatting i Flåm,… Read More »

Fellestrening i haust

Vi startar opp att med fellestrening i Sogndal på tysdagar og torsdagar. Frammøte kl 18.00 ved Sparebanken Vest. Laurdagar møter vi ved Statoil i Sogndal kl 09.00   Dei som møter avtalar seg i mellom kvar og korleis treninga vert gjennomført

Søndagstur med Jotun sykkel 24.juni

Jotun sykkel arrangerer tur Søndag 24.juni. Rute vert Årdal-Fodnes-Lærdal-Filefjell-Tyin-Årdal. Turen er omlag 150km og inneheld stort sett kjente høgdemeter. Hugs lys på sykkelen. Avreise 08:00 frå Øvre. Passering Fodnes(ca 40km) vert omlag 09:15.   Det vert ordna med dispensasjon til å sykle Fodnes-tunnelen. http://bikeroutetoaster.com/Course.aspx?course=415889