Category Archives: Trening

Tempo i Kvam 8. mai?

I morgon er det sett opp temporitt i Kvam på treningsplanen. Dette er for dei som vil. (Frammøte kl 18 ved Sparebanken Vest i Sogndal). Elles vert det frammøte som vanleg kl 18 ved Sparebanken Vest-lokala i Sogndal  og vanleg trening.

Det er mai, ny treningstid på langturane

Minner om treningane laurdag og søndag. I mai og juni startar turane kl: 08:00 Laurdag, Statoil Sogndal Søndag, Prix Leikanger   NCF har laga sykkelvitreglar ved trening på landeveg: NCF norm for trening på offentlig veg

Treningsplan 2012

Mange har hatt glede av ein tidleg vår og fått ein god start på sessongen. Sportsleg utval har laga årets sportslege plan og treningane for resten av sesongen er å finne i den. Treningsplan 2012 Denne inneheld treningar tysdag, torsdag, laurdag og søndag. I tillegg til dei større ritta fleire har som mål. Søndagsturane frå… Read More »

Fellestur 7.April

7. April kl 09:00, Statoil i Sogndal. Tur til Hella +litt ekstra for dei som ynskjer det. Ta med mat og drikke, turen vert fort 2 – 3 timar. Klede etter forholda, det kan vere kaldt og vått. Fellestreningane våre er sosiale, motiverande og tilpassa alle.

Fellestur 31.Mars

31.Mars kl 10:00, Statoil i Sogndal. Tur til Hella +litt ekstra for dei som ynskjer det. Hugs lys på sykkelen, det vert ikkje rydda på utsida av Fatla før i/etter påske. Ta med mat og drikke, turen vert fort 2 – 3 timar. Klede etter forholda, det kan vere kaldt og vått. Fellestreningane våre er… Read More »

Vårens fyrste fellestur

Driv du med sykling? Har du landevegssykkel og har lyst til å trene med andre? 24.Mars kl 10:00, Statoil i Sogndal. Me ynskjer spesielt nye velkomne. Det vert grupper for forskjellige nivå. Ta med mat og drikke, turen vert fort 2 – 3 timar. Klede etter forholda, det kan vere kaldt og vått. Fellestreningane våre… Read More »

Oppkøyring til sesongstart 2012

Klubben tilbyr for tida to alternativ for fellestrening i Sogndal: Rulletrening i klubbkjellaren i Reppengården kl 17.30 mandagar Spinningtime med Gjertrud onsdagar kl 20.15. Sogn ck medlemer betalar kr 75 for timen hvis dei ikkje er medlemer ved senteret (1/2 dropin pris) I Årdal er det to spinningøkter i veka. Kontakt Kurt Jevnaker eller Hilde… Read More »

KAN DU TENKE DEG Å BLI SYKKELTRENAR?

Hei Dersom nokon i klubben, eller andre i Sogn har lyst og interesse, vil klubben spandere trenarutdanning gjennom Sykkelforbundet sine kurs. Vi ønskjer på denne måten å få til eit betre treningstilbod for ungdom som vil satse på sykkelsport. Dette kan vere både innafor landevegssykling og terreng. Dersom det vert interesse for det, vil klubben ha… Read More »

Tur på Rallarvegen???

Vi har lyst til å få til ein fellestur på Rallarvegen. Aktuelle dagar er fyrstkomande laurdag den 17. september, eller neste laurdag, den 24. september. Dersom du har lyst, send ein sms til Geir på mobil 90236935 og sei frå når det høver best.

STYRKETRAKK I SPINNINGSAL

Kvar onsdag utover hausten vert det Styrketrakk i Spinningsalen på Idrettssenteret i Sogndal. Oppstart 21. september kl 19:30. Frå starten vert det lagt opp til 4 økter a ca 10 minutt med ca 3 minutt pause mellom. God oppvarming og nedkøyring. Medlemer av Sogn ck betalar halv pris = kr 80 dersom du ikkje er medlem… Read More »