Category Archives: Trening

FELLESTRENING LAURDAGAR

Vi startar opp att fellestreninga på laurdagane frå 3. september. Frammøte til kl 09.00 ved Statoil i Sogndal. Dersom fint ver syklar vi austover. Dersom kaldt og surt, tek vi turen til Hella. Ta med godt med mat og drikke.

Sesongplan våren 2011

Vedlagt følgjer ny treningsplan for fyrste halvdel av 2011. Legg merke til at vi møtes kl 09.00 på laurdagane i april og deretter kl 08.00 frå mai månad.      Årsplan Sogn CK

SESONGSTART 2011

Laurdag 19. mars kl 10.00 møtes me på Statoil i Sogndal for å sykle fyrste felles treningstur utover mot Hella. Hugs lys på sykkelen og refleksvest, da vi skal sykle tunnelane. Frammøtetidspunkt er laurdagar kl 10 for resten av mars. Meir detaljert treningsplan vert lagt ut seinare.

SYKLING I TUNNELAR

Frå fredag 4. mars vert det forsøk med løyve til å sykle i Stedjebergtunnelen og Fatlatunnelen. Vi har bede om at denne ordninga skal gjelde i månadane mars og april medan det er snø og/eller stor rasfare på utsida. Dette er ei prøveordning, så no er det viktig at vi nyttar refleksvest og gode lys… Read More »