Felles treningssamling på Gran Canaria til våren:

By | September 10, 2012

Vi satsar på tur til Puerto Rico på Gran Canaria også neste år. Avreise 8. eller 9. mars frå Flesland.

Håpar mange frå klubben kan bli med denne gongen. På den måten kan vi dele oss inn i grupper etter nivå, slik at alle får godt utbytte av opphaldet. Felles oppmøtepunkt i Puerto Rico sentrum kvar morgon. Felles middag om kvelden.

Ta gjerne med familie, sambuar eller andre som kan tenke seg ei veke i varmare strøk.

Vi legg opp til at kvar einskild bestiller / reserverer turen sjølv. Syklistar som reiser utan familie/sambuar kan gå saman med andre syklistar og dele ei leiligheit.

Puerto Rico er ein forholdsvis liten plass. Derfor er det ikkje så nøye kva for eit hotell i Puerto Rico ein vel å bestille på.

Leave a Reply