Furorestipend 2016 til Sedrik Engebø Ullebø

By | November 17, 2016

Sogn CK gratulerer Sedrik med Furorestipend 2016!

Stipendet er på 50.000 kroner.

Juryen si grunngjeving:

18 år gamle Sedrik Engebø Ullebø frå Høyanger har vore eit lovande talent innan både langrenn og sykkel i fleire år allereie. No er det sykkel som er hans satsingsområde, og han er kort og greitt ein av landets mest spanande landevegssyklistar. Han har etablert seg i toppsjiktet som junior, mellom anna som kaptein på juniorlandslaget. Han har òg gått til topps i Norgescupen og fleire NM. Frå 2017 er han ein del av Team Ringeriks-Kraft, som det blir svært spanande å følgje framover. Sedrik har synt juryen at han er ein seriøs og hardtarbeidande idrettsutøvar som har alle føresetnadar for å hevde seg heilt i toppen, og oppnå draumen sin om proffkontrakt med eit World Tour-lag. Juryen ønskjer all mogleg lukke til vidare!

Juryen for furorestipendet har bestått av:
– Stig Roger Eide (Firda)
– Torill Faleide (Førdefestivalen
– Trude Skarvatun (Førde kulturskule)
– Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)