Sogn CK retningsliner

Retningsliner for klubb-bilen:

Klubb-bilen kan bestillast til å reise på alle ritt. Styret har imidlertid reservert den i samband med arrangering av Jotunheimen Rundt, fellestur i samband med Bergen – Voss og Birken. Ved bestilling må du legge inn tekst om kva for ritt bilen skal nyttast til og kor mange som reiser. Dette i tilfelle vi må prioritere mellom fleire ønskjer.

Klubben ønsker ein kort rittrapport (gjerne med bilete) frå dei som låner bilen. Dette kan leggast ut på facebook-/nettside.
Det er mange i klubben som er med på interessante ritt og dette må me få kommunisert ut til alle for å skape engasjement!

Når klubb-bilen ikkje er utlånt i samband med sykkelritt, kan medlemer låne den privat for kr 200 i grunnavgift + kr 1,50 per km. Bilen skal alltid leverast attende reingjort og med full tank.

Ta kontakt med Cathrine Stigen Bøen for utlån.

Ungdomsstipend

Er du ung og ynskjer å satse på å konkurrere innan sykkel?

Sogn Cykleklubb har pr i dag god økonomi, og vi ynskjer å nytte noko av midlane til å støtte unge medlemar som gjerne vil satse og konkurrere. For å verte vurdert til midlar, må ein vere medlem av Sogn CK og fylle ut søknadskjema.

Skjema her: Sogn-Ck-søknad-ungdomsstipend

Utfylt skjema sender du i retur til styret v/Cathrine Stigen Bøen eller post@sognck.no. Frist 1. oktober

Krav til dei som får støtte frå klubben:

  • Levere rittrapport med bilete og informasjon frå alle ritt, innlevering seinast veka etter ritt (på klubben facebook-side)
  • Presentere oppsummering av sesongen ved sesongslutt/sponsormøte
  • Delta på dugnader (td. Jotunheimen Rundt, Tour of Norway for Kids)
  • Delta på fellestreningar når det er mogleg. Dette for å aktivere, stimulere og engasjere andre syklistar i klubben.

Satsane på støtte er:

  • Ungdom (10-14 år) blir støtta med inntil kr 5 000,-
  • Ungdom /15-16 år) blir støtta med inntil kr 10 000,-
  • Junior (17-18 år) blir støtta med inntil kr 20 000,-
  • U 23 (19-22) blir støtta med inntil kr 20 000,-
  • Styret vil også kunne vurdere støtte til eldre syklistar ut i frå aktivitet og deltaking i ritt

Styret vil gjere ei samla vurdering av søknader i etterkant av sesongen ut frå aktivitet og deltaking i ritt. Stipendet utbetalast ved sesongslutt (årsavslutning).

Refusjon av utlegg ved deltaking i ritt:

Klubben ønsker å bidra når aktive ungdomssyklistar deltek på ritt, og vil derfor dekke enkelte utlegg den enkelte har.

For alle aktive ungdom M/K 10-22 år som deltek i ungdomsmesterskap,regionsmesterskap, rankingritt, og NM dekker klubben:

  • startkontingent
  • eit draktsett per år
  • ei tempodrakt per år (so lenge me har)
  • inntil 400 for overnatting
  • 1,50 kr pr/kilometer ved bruk av eigen bil
  • fri klubb-bil (fyll tanken ved tilbakelevering og får refundert kostnaden)

Krav til dei som får støtte frå klubben:

  • Levere rittrapport med bilete og informasjon frå alle ritt, innlevering seinast veka etter ritt (på klubben facebook-side)
  • Presentere oppsummering av sesongen ved sesongslutt/sponsormøte
  • Delta på dugnader (td. Jotunheimen Rundt, Tour of Kids)
  • Delta på fellestreningar når det er mogleg. Dette for å aktivere, stimulere og engasjere andre syklistar i klubben.

Vi gjev ikkje støtte til deltaking i aktive ritt eller turritt for vaksne, men kan låne ut bilen når denne er ledig.

Styret kan også vurdere refusjon av kostnader for syklistar som deltek i aktive ritt (Norgescup, Rankingritt og liknande) som er eldre enn 22 år.

Klubben dekker intil 30 000 nok / person og år.

Refusjonsskjema-SognCK

Leave a Reply