Trek demodag 27. mai

Fyrstkomande måndag arrangerer Intersport demodag på Kaupanger. Trek kjem med demosyklar for stisykling og landeveg. Dei riggar seg opp på Skogly klokka 17:00. Grillen blir tent og det serverast pølser med noko attåt.  

Dugnad under Tour of Norway for Kids

I samband med Tour of Norway for Kids treng klubben folk til å stille på dugnad. Tour of Norway for Kids kjem til Sogndal søndag 2.juni og det er start frå 14:00. Det vil vere behov for folk til å merke løypa, løypevakter og til å ta imot påmelding. Dette er dagen etter Begen-Voss og… Read More »

Laurdagstreningane i Sogndal, gruppe 2

Det ser ut til at interessa blant gruppe 2 ryttarane på laurdagstreningane i Sogndal er litt dalande for tida. Dette kan skuldast mange forhold. Men kan ein av grunnane likevel vera at opplegget ikkje svarar til forventningane? Det som skulle vera ein roleg langtur, vart kanskje alt anna enn roleg! Vi har muligens hatt uklar… Read More »

Treningstid laurdagane kl 09:00

Tidspunktet gjeld ut 2013-sesongen. Oppmøtestad: Statoil Sogndal Tid: 09:00 Viser til oppdatert treningsplan for 2013 her: Sogn CK Treningsplan 2013

Sedrik og Thristan med topp resultat på Ronde van Vestkant

Dei unge syklistane Sedrik og Thristan Engebø Ullebø frå Sogn CK vann begge sine klassar under Ronde van Vestkant i helga. Det blei køyrt gateritt, bakketempo og fellesstart. Alle resultat her:  http://landeveiscup.no/forside/resultater-fra-ronde-van-vestkant-2013 Rittet er ein del av Oslo landevegscup, som er ei samling landevegsritt i Oslo og området rundt. Klubben gratulerer med strålande sykling i helga, og… Read More »

Sogn Cykleklubb sine utlånssyklar

Sogn CK har ein del utlånssyklar, dette er eit godt tilbod til unge og skal bidra til rekruttering. Mange av desse har ikkje vore inne til klubben på eitpar år. Klubben treng oversikt over syklane, status på slitasje og behov for fornying. Det er ogso viktig for klubben at sykkelen er sikker og å vite… Read More »

Spinningens dag 7.april

Søndag 7.april vert spinninges dag markert, med gratis ekstratimar både i Sogndal og Leikanger. Spinning og sykling er blant Norges mest populære aktivitetsformer for voksne. For å få enda flere i aktivitet, går Virke Trening, Syklistenes Landsforening og Sportsbransjen som er en del av Aktivitetsalliansens kampanje ”Heia Deg!”, sammen om Spinningens dag 2013. Den går… Read More »

Treningsplan 2013

Mange har hatt glede av ein tidleg vår og fått ein god start på sessongen. Sportsleg utval har laga sportslege plan for 2013 og treningane frå 30.Mars og resten av sesongen er å finne i den. Sogn CK Treningsplan 2013 Denne inneheld treningar tysdag, torsdag, laurdag og søndag. I tillegg til dei større ritta fleire… Read More »

Medlemsmøte Sogn CK 6.februar

6.februar kl 19:00 på Lægreid Hotell. Bjørn Birkeland kjem frå forbundet. Kursveiledar – Organisasjonsstruktur Sogn CK – Oppbygging av org. JT Rundt som eiga gruppe – Budsjett-driftsplan – Diverse Viktig at så mange som mogleg kjem så me får satt opp ein plan. Set av tida til klubben din.

Bergen Voss 2013

Det skjer 1. juni 2013. Sogn CK har reservert 20 plassar i pulje 4:50 og 20 plassar i tidspulje 5:30. Dersom du ynskjer å vere med i våre puljer, må du sende ein mail og fortelje kva pulje du vil starte i til post@sogncykleklubb.net innan 17. januar(fyrstemann til mølla). Du vil da få tildelt ein registreringskode som… Read More »