Sogn CK retningsliner

Dugnadsbetaling for medlemmer:

Dugnad for JR betalast ut til dei som deltar på dugnad, etter satsar frå arrangøren. Anna dugnadsarbeid for Sogn CK, og etter avtale med Sogn CK, kan godtgjerast med 100 kr/t (betalast ut som støtte til klubbkle og/eller startkontingent). Dugnadsdeltakar må sende anmodning om refusjon innan utgangen av same år som dugnadsarbeidet er utført.

Ungdomsstipend

Er du ung og ynskjer å satse på å konkurrere innan sykkel?

Sogn Cykleklubb har pr i dag god økonomi, og vi ynskjer å nytte noko av midlane til å støtte unge medlemar som gjerne vil satse og konkurrere. For å verte vurdert til midlar, må ein vere medlem av Sogn CK og fylle ut søknadskjema.

Skjema her: Sogn-Ck-søknad-ungdomsstipend

Utfylt skjema sender du i retur til post@sognck.no. Frist 1. oktober

Krav til dei som får støtte frå klubben:

  • Levere rittrapport med bilete og informasjon frå alle ritt, innlevering seinast veka etter ritt (på klubben facebook-side)
  • Presentere oppsummering av sesongen ved sesongslutt/sponsormøte
  • Delta på dugnader (td. Jotunheimen Rundt, Tour of Norway for Kids)
  • Delta på fellestreningar når det er mogleg. Dette for å aktivere, stimulere og engasjere andre syklistar i klubben.

Satsane på støtte er:

  • Ungdom (10-14 år) blir støtta med inntil kr 5 000,-
  • Ungdom /15-16 år) blir støtta med inntil kr 10 000,-
  • Junior (17-18 år) blir støtta med inntil kr 20 000,-
  • U 23 (19-22) blir støtta med inntil kr 20 000,-
  • Styret vil også kunne vurdere støtte til eldre syklistar ut i frå aktivitet og deltaking i ritt

Styret vil gjere ei samla vurdering av søknader i etterkant av sesongen ut frå aktivitet og deltaking i ritt. Stipendet utbetalast ved sesongslutt (årsavslutning).

Refusjon av utlegg ved deltaking i ritt:

Klubben ønsker å bidra når aktive ungdomssyklistar deltek på ritt, og vil derfor dekke enkelte utlegg den enkelte har.

For alle aktive ungdom M/K 10-22 år som deltek i NM/ungdomsmesterskap, regionsmesterskap, rankingritt eller tilsvarande rittnivå, dekker klubben:

  • startkontingent
  • eit draktsett per år (Ei kortarma trøye og kort sykkelbukse)
  • ei tempodrakt per år
  • inntil 400 kr pr utøvar, samt 400 kr for forelder/følgeperson for overnatting.
  • 3,50 kr pr/kilometer ved bruk av eigen bil
  • fri klubb-bil (fyll tanken ved tilbakelevering og får refundert kostnaden)

Krav til dei som får støtte frå klubben:

  • Levere rittrapport med bilete og informasjon frå alle ritt, innlevering seinast veka etter ritt (på klubben facebook-side)
  • Presentere oppsummering av sesongen ved sesongslutt/sponsormøte
  • Delta på dugnader (td. Jotunheimen Rundt, Tour of Kids)
  • Delta på fellestreningar når det er mogleg. Dette for å aktivere, stimulere og engasjere andre syklistar i klubben.

Vi gjev ikkje støtte til deltaking i aktive ritt eller turritt for vaksne, men kan låne ut bilen når denne er ledig.

Styret kan også vurdere refusjon av kostnader for syklistar som deltek i aktive ritt (Norgescup, Rankingritt og liknande) som er eldre enn 22 år.

Klubben dekker inntil 30 000 nok / person og år i tillegg til draktsett for aktive ungdom.

Refusjonsskjema-SognCK

Leave a Reply