SESONGPLAN FOR 2014 – KVA MEINER DU?

By | November 4, 2013

Sportsleg Utval ynskjer innspel frå deg om korleis vi skal satse neste år. Tenk gjennom korleis du ynskjer å ha det når det gjeld.

Treningar og opplegg

  • Korleis legge opp treningane i helga?
  • Gruppe 1, 2 og ev. 3 – retningsliner (fart, lengde, målsetting)
  • Nytt rekrutteringstilbod med lågterskel tur?
  • Tysdag og Torsdagstrening
  • Langtur onsdagar?
  • Korleis få med fleire?
  • Felles sydentur/treningssamling
  • Kan vi få til felles tur til våren? (Veit at nokon vil til Gran Canaria i veke 12)
  • Klubbritt
  • Er det ynskje om å ta opp att nokon av dei ritta vi har hatt tidlegare, til dømes Temporitt i Kvam, Dalen Rundt, Kaupangerritt terreng, bakkeritt, terrengcup?
  • Lage nye ritt?

Satsingsritt med felles opplegg (Overnattingsstad, felles middag, transport m.m.)

  • Bergen – Voss?
  • Birken?
  • Valdresrittet?
  • Skarverittet?
  • Trondheim – Oslo
  • Andre forslag?

Har du andre idear eller innspel?

La oss få høyre di meining. Send e-post til post@sognck.no snarast og seinast innan utgangen av november slik at vi får spikra eit godt opplegg for neste år.

Leave a Reply