Gåvemidlar frå Sparebanken Norge

Jørgen Ulrik Berg tok i mot gåvesjekken til Jotunheimen Rundt.

Tage Rickard Sundell tok i mot gåvesjekken til prosjektet «Meistring på to hjul».

Sogn Cykleklubb har fått tildelt gåvemidlar til to viktige prosjekt som skal styrkje sykkelglede og inkludering i regionen.

Midlane går til vidareutvikling av sykkelarrangementet Jotunheimen Rundt og til prosjektet «Meistring på to hjul», som skal gi fleire barn og unge moglegheit til å oppleve meistring og fellesskap gjennom sykling.

Jotunheimen rundt

Gjennom gåvemidlane får klubben kr 50.000,- i støtte til å vidareutvikle Jotunheimen Rundt, eit av Noregs mest profilerte sykkelritt. Prosjektet skal styrkje tryggleik, digital utvikling og den profesjonelle gjennomføringa av arrangementet. Rittet trekkjer deltakarar frå heile landet og bidreg til å setje både Sogn, Jotunheimen og Sognefjellet på kartet som attraktive sykkeldestinasjonar.

– Denne støtta betyr mykje for oss. Ho gjer det mogleg å vidareutvikle Jotunheimen Rundt som eit trygt og kvalitetsmessig godt arrangement, samtidig som vi kan løfte opplevinga både for deltakarar, frivillige og publikum, seier leiar i Sogn Cykleklubb, Jørgen Ulrik Berg.

«Meistring på to hjul»

Klubben har også fått kr 20.000,- i støtte til prosjektet «Meistring på to hjul». Prosjektet skal gi barn og unge eit trygt og inkluderande sykkeltilbod med fokus på leik, meistring og sosialt fellesskap. Gjennom opne treningar og lågterskelaktivitetar for terrengsykling ønskjer klubben å skape fleire gode møteplassar for barn og unge på tvers av alder og ferdigheitsnivå.

– Vi ønskjer at fleire barn og unge skal få oppleve gleda ved å sykle i skogen saman med andre. Med denne støtta kan vi skape fleire aktivitetar der meistring, inkludering og sykkelglede står i sentrum, seier Berg.

Sogn Cykleklubb takkar Sparebanken Norge for støtta og ser fram til å realisere prosjekta til glede for både deltakarar, medlemmer og lokalsamfunnet.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Full seier til Sogn CK og NCF i rettssaken mot Styrkeprøven