Klubbinformasjon
Sogn CK retningsliner:
-
Dugnadssarbeid for Sogn CK, og etter avtale med Sogn CK, kan godtgjerast med 100 kr/t (betalast ut som støtte til klubbkle og/eller startkontingent).
Dugnadsdeltakar må sende anmodning om refusjon innan utgangen av same år som dugnadsarbeidet er utført.
-
Er du ung og ynskjer å satse på å konkurrere innan sykkel?
Sogn Cykleklubb har pr i dag god økonomi, og vi ynskjer å nytte noko av midlane til å støtte unge medlemar som gjerne vil satse og konkurrere. For å verte vurdert til midlar, må ein vere medlem av Sogn CK og fylle ut søknadskjema.
Skjema her: Sogn-Ck-søknad-ungdomsstipend
Utfylt skjema sender du i retur til post@sognck.no. Frist 1. oktober
Krav til dei som får støtte frå klubben:
Levere rittrapport med bilete og informasjon frå alle ritt, innlevering seinast veka etter ritt (på klubben facebook-side)
Presentere oppsummering av sesongen ved sesongslutt/sponsormøte
Delta på dugnader (td. Jotunheimen Rundt, Tour of Norway for Kids)
Delta på fellestreningar når det er mogleg. Dette for å aktivere, stimulere og engasjere andre syklistar i klubben.
Satsane på støtte er:
Ungdom (10-14 år) blir støtta med inntil kr 5 000,-
Ungdom /15-16 år) blir støtta med inntil kr 10 000,-
Junior (17-18 år) blir støtta med inntil kr 20 000,-
U 23 (19-22) blir støtta med inntil kr 20 000,-
Styret vil også kunne vurdere støtte til eldre syklistar ut i frå aktivitet og deltaking i ritt
Styret vil gjere ei samla vurdering av søknader i etterkant av sesongen ut frå aktivitet og deltaking i ritt. Stipendet utbetalast ved sesongslutt (årsavslutning).
-
Klubben ønsker å bidra når aktive ungdomssyklistar deltek på ritt, og vil derfor dekke enkelte utlegg den enkelte har.
For alle aktive ungdom M/K 10-22 år som deltek i NM/ungdomsmesterskap, regionsmesterskap, rankingritt eller tilsvarande rittnivå, dekker klubben:
startkontingent
eit draktsett per år (Ei kortarma trøye og kort sykkelbukse)
ei tempodrakt per år
inntil 400 kr pr utøvar, samt 400 kr for forelder/følgeperson for overnatting.
3,50 kr pr/kilometer ved bruk av eigen bil
Krav til dei som får støtte frå klubben:
Levere rittrapport med bilete og informasjon frå alle ritt, innlevering seinast veka etter ritt (på klubben facebook-side)
Presentere oppsummering av sesongen ved sesongslutt/sponsormøte
Delta på dugnader (td. Jotunheimen Rundt, Tour of Kids)
Delta på fellestreningar når det er mogleg. Dette for å aktivere, stimulere og engasjere andre syklistar i klubben.
Vi gjev ikkje støtte til deltaking i aktive ritt eller turritt for vaksne.
Styret kan også vurdere refusjon av kostnader for syklistar som deltek i aktive ritt (Norgescup, Rankingritt og liknande) som er eldre enn 22 år.
Klubben dekker inntil 30 000 nok / person og år i tillegg til draktsett for aktive ungdom.

Vedtekter
Oppdatert lov blir lagt ut etter godkjenning i årsmøte.
Sist gjeldande vedtekter (lov) ligg under: